17 Mai Feiringa vår
Dagen idag starta med barnetog frå heraldshuset på Sandane og opp til omsorgsenteret på Kleivedammen.



Emalie fant seg ei venninde fra barnehagen, som ho kunne gå ilag med. Dei hadde det kjekt med roping av heiarop og oppsamling av russekort som russane sto å heiv fra brua toget gjekk under.
Barnehagen hadde øvd inn to sangar som ungane skulle få synge oppe ved Gloppen Omsorgsenter. Eg fekk desverre ikkje det med meg, sidan vesle frøkena vart så grinete, men mamman min var no der. Satser på at eg får det med meg til neste år.

Vi tok turen deretter til foreldra mine, der vi tok oss ein liten kvil på sofaen og vi fekk god rømmegraut til middag.
Minsta har vert veldig grinete no noken dagar(trur kanskje det kan vere pga. veksesmerter), so da fant vi ut at vi ikkje årka å fare noken plass etterpå, men tanta var så snill og tok med Emalie opp på barneskulen, slik at ho skulle få vere med på nokre leikar og få seg litt is, som jo er eit must på ein slik dag.
Etter ei lita stund, tok vi turen heimover, sidan vi hadde nokre gode 17 Mai muffins som venta på oss.


Heime har det ikkje blitt pynta noke særlig til 17 Mai, men noken roser vart det no pynta med. Synest det var stilig med dei farga blå rosene.


Alt i alt, så har det jo vert ei bra dag. Greit å slappe av litt heime og :)


















